Historia om då dei store salatprodusentane i Noreg
fekk ein liten konkurrent frå Sotra.


Rekespesialisten

Då Ole Magne Høyland sat og åt hotellfrukost ein morgon i 1992, kunne han ikkje finne ei einaste reke i rekesalaten. Berre majones og fyllmasse. I mai same år overtok han eit produksjonslokale og nokre salatoppskrifter frå Robert Halleraker på Sotra - like utanfor Bergen, og starta Rekespesialisten. Han justerte rekeinnhaldet i rekesalaten frå 15 til 50 prosent. Dette er framleis ein viktig del av filosofien til Marthas Delikatesser, vi kompromissar ikkje på kvaliteten her i garden.

Martha Offerdal

Martha Offerdal på kjøkkenet

Ole Magne la sjela si i Rekespesialisten og arbeidde frå morgon til kveld. Som Ole Magne sjølv seier: ”Eg byrja så tidleg at eg helste på bakaren når han kom på jobb.” Året etter kom sildedronninga Martha Offerdal rekande med sine ettertrakta sildeoppskriftar og gav bedrifta fleire bein å stå på. Sildeprodukta gjekk under namnet Marthas Hjertegode kjøkken og produksjonen vart flytta til større lokalar på Ekerhovd. Tida gjekk og salet, distribusjonen og produksjonen av salatar og sildeprodukt auka. I 2003 tenkte Ole Magne at yngre kreftar kunne få overta stafettpinna, og han selde til sonene sine, Frode og Ole Martin, og Hallgeir Haugland. Karane bretta straks opp skjorteermane, skifta ut maskinparken, moderniserte produksjonslokala og bytta namn frå Rekespesialisten til Marthas Delikatesser.

Engasjerte karar

Takka vera engasjerte medarbeidarar og ein stadig aukande skare fornøgde kundar, finn du i dag Marthas salatar i butikkane i stort sett heile Vestland fylke. Og sjølv om vi veks passar Ole Magne framleis på at vi aldri gløymer at grunntanken bak Marthas er kvalitet.