|
Marthas Sild Marthas Sild er laga ut frå dei orginale oppskriftene til Martha Offerdal – Sildedronninga. Martha hadde eit brennande hjarte for sild, og var den fyrste til å marinera silda før bruk. Dette gjev ein rundare smak, samt praktiske fordelar som oppløysing av sildebeina og betre (holdbarhet). Alle sildeprodukta er laga av modna kryddersild. Dette for å få krydderaromaen inn i det ferdige produktet. Silda vert kutta i bitar, vatna og marinert. Etter to til tre døger i marinade er silda klar for blanding i ulike sausar som og er spesiallaga av Marthas, og som har ein karakteristisk god smak. Marthas Sild vert kjenneteikna av ein mild og fin avrunda smak og smakar godt saman med alt frå rugbrød til nysteikte chiabatta. Med brød eller poteter og eit glas med god drikke til, har du eit velsmakande måltid. I dag leverer Marthas Delikatesser kun sild i 2 kg spann til kantiner, hotell, resturanter og ferskvarediskar. Vår uslåelege kvalitet og gode smak gjer produkta våre til populære innslag over heile landet. Løksild: Innanfor kategorien løksild kan Marthas Delikatesser tilby fire smakfulle variantar:
Med fersk lauk
og nydelege sildebitar er desse variantane ein sikker vinnar både til kvardag og
fest. Sausesild: Marthas Delikatesser har fire meget gode variantar av sausesild:
Med ypperlege råvarar og nydelege sildebitar er sausesilder frå Marthas Delikatesser ein garantert suksessfaktor både til kvardag og fest.
|