Marthas majonessalater

Marthas såg tidleg eit behov i marknaden for majonessalatar som smakte like ekte og orginalt som Marthas Sild. Kundane var leie av å verte avspist med salatar med lite råvarar og smak.

Marthas majonessalatar er påleggsalat som inneheld mykje av det ekte, noko som gjer at den smakar ekstra godt. Ekte majones kombinert med heile reker, krepsehalar og grønsaker fører til god tyggemotstand og ein naturleg mild og god smak, noko som gjev kjensle av å nyte det beste av det beste.

På grunn av våre gode råvarar har Marthas Delikatesser kun produkt som ikkje er tilsett smaksforsterkarar. Våre produkt smakar allereie så godt at vi ikkje har behov for å tilsetje kunstig smak for å gjere det etande.

I dag held Marthas Delikatesser til i moderne produksjonslokale på Ekerhovd på Sotra utanfor Bergen. Maskiner og utstyr av beste kvalitet sørgjer for at du får produkt med den velkjende gode smaken.

 

Majonesbaserte salatar i spann:

Marthas Delikatesser sine majonesbaserte salatar i 2 kg spann er meget populære blant kantiner, hotell, restaurantar og butikkar med ferskvaredisk. Vi har fleire spanande varaiantar som ein kun finn under dette segmentet:

  • Rekesalat

  • Italiensk Salat

  • Krepsehalesalat

  • Potetsalat

  • Waldorfsalat

  • Egg & Rekesalat

  • Scampisalat

  • Kyllingsalat

Er du ute etter salatar som kan gje deg den unike smaksopplevinga, vil du finne det du leitar etter i eitt av våre produkt.

 

Majonesbaserte salatar i beger:

Våre salatar i forbrukarpakningar har etablert seg som leiande i vår lokale marknad. Med smakfulle variantar som Rekesalat, Italiensk Salat, Krepsehalesalat, Rødbetsalat og Potetsalat tilbyr Marthas Delikatesser ein fantastisk serie av nydelege majonesbaserte salatar. Med eit høgt innhald av kvalitetsråvarar framstår produkta våre som unike i dagens marknad.