![]()
|
Marthas Delikatesser held til i moderne og oppdaterte lokale på Ekerhovd i Fjell Kommune på Sotra. Fjell Kommune er lokalisert rett vest for Bergen, og er eit moderne og pulserande øysamfunn med ca 22 000 innbyggjarar spreidd ut på 147 km2. Kommunen har fastlandssamband til Bergen, stor tilflytting og eit ekspansivt næringsliv. Dei viktigaste næringane er olje og gass, teknologi og servicebedriftar. Sotra er kjend for sin flotte natur med lyngheier og svaberg. Naturen og omgjevnadene på Sotra har forma folket som bur der, og stolt kan ein kalla seg ein stril. Ein typisk stril har glimt i auge, godt humør, mykje energi, er hardtarbeidande, er engasjert og legg aldri skjul på kvar han/ho kjem ifrå. Vi på Marthas Delikatesser har som mål å føre vidare dei stolte handelstradisjonane Sotra har med fastlandet. Der ein før ”berre” leverte fisk til bergensarar, ynksjer vi at heile landet skal får gleda av å prøve våre smakfulle produkt. Stolt og engasjert produserer vi kvalitetsprodukt innan majonessalatar og sild.
Vår visjon er: ”Marthas Delikatesser AS skal vere den mest velrenommerte leverandøren av påleggssild og majonesbaserte salater i Noreg.” I dette legg vi at vi skal vere ein høgkvalitetsleverandør med høgare opplevd verdi for forbrukarane. Verdiane rein og frisk, sjenerøsitet og kvalitet skal visast i våre produkt og i vår veremåte.
|