Historia om Marthas Delikatesser

Marthas Delikatesser starta under namnet Rekespesialisten i mai 1992. Ole Magne Høyland starta Rekespesialisten etter ein idé han fekk under ein hotellfrukost. Rekesalaten på frukostbordet inneheld ikkje reker, berre majones og fyllmasse. Ole Magne bestemde seg for at dette kunne han gjere betre, og dermed starta prosessen som enda med opning av Rekespesialisten.

Rekespesialisten overtok eksisterande produksjonslokale for salater i Einarsensgården på Straume på Sotra. Grunnoppskriftane på salatane overtok Ole Magne frå Robert Halleraker. Men Ole Magne gjorde nokre endringar som i dag kjenneteiknar våre salater, prosentandelen av råvarer. I rekesalaten endra han innhaldet av reker frå 15 % til 50 %, som og den dag i dag er blandingsforholdet i vår berømde Ishavssalat. Ole Magne dreiv bedriften på eigahand og arbeidde frå morgon til kveld. Som Ole Magne seier sjølv: ”Eg byrja så tidleg at eg helste på bakaren når han kom på jobb.” I 1993 kom Sildedronninga, Martha Offerdal, inn i bedrifta med sine berømte oppskrifter på sild. Sortimententet til Rekespesialisten vart då utvida med ulike sildeprodukt.

Etter kvart som salget auka, vart Rekespesialisten for stor for lokala i Einarsengården på Straume. Hausten 1994 flytta bedriften inn i nye lokale på Ekerhovd. Dei nye lokala var eigd av Ole Magne og vart tidlegare nytta av nærbutikken på Ekerhovd.

Bedriften gjekk bra, og i slutten av 1996 kom Kavli inn i biletet på sildesida og kjøpte ein tredel av bedriften. Store investeringar i nye maskiner vart gjort, og sildeproduksjonen vart kalla ”Marthas Hjertegode Kjøkken”. Rekespesialisten fortsatte med salatproduksjon, men det var sild som stor for det meste av omsetjinga. På grunn av at Martha sine sildeprodukt ikkje passa heilt inn i Kavli sitt sortiment, bestemde dei seg for å trekkje seg ut av Marthas Hjertegode Kjøkken. Og ved årtusenskiftet selde Kavli sin andel tilbake til Ole Magne.

1. januar 2003 selde Ole Magne bedrifta til sine to søner, Frode og Ole Martin, og Hallgeir Haugland. Og i 2004 vart dei to merkevarene Rekespesialisten og Marthas Hjertegode Kjøkken slått saman, og namnet endra til Marthas Delikatesser. Produksjonen auka med åra og lokala vart oppgraderte i 2005, før maskiner vart oppgraderte og sto klare i januar 2007.

Marthas Delikatesser framstår i dag som ein moderne produksjonsbedrift som står godt rusta til framleis auke i marknaden. Med kvalitetsprodukt og engasjerte medarbeidarar vert det jobba hardt for at Marthas Delikatesser innan kort tid skal vere landsdekkande med sine produkt. I dag finn du våre produkt frå Rørvik i nord til Egersund i sør, men det er berre eit spørsmål om tid før vi utvidar vårt salsområde.

 

Vår visjon er:

Marthas Delikatesser AS skal vere den mest velrenommerte leverandøren av påleggssild og majonesbaserte salater i Noreg.”

I dette legg vi at vi skal vere ein høgkvalitetsleverandør med høgare opplevd verdi for forbrukarane. Sjølv om vi veks og omsetjinga aukar, så passar Ole Magne på at vi aldri gløymer grunnidéen bak Marthas Delikatesser: Kvalitet!